I 1939 sette Marius Kleven opp ei smie i Kleivakøyla. Elden var tent. Sidan då har det vore smidd og sveisa, hamra, banka og bygd i denne smia som vaks bit for bit til verkstad og verft.
Ei smie veks fram
Historia til Kleven Verft startar med Marius Kleven; ein dyktig handverkar som hadde sitt daglege virke på Ulstein Mekaniske Verkstad. Krisene i verdsøkonomien på 20- og tidleg 30-tal var over, og optimismen gjaldt, og Marius kjøpte seg utstyr til sveising og skjerebrenning og heldt på i naustet om kveldane. Han var kjend som ein flink smed, og folk kom til han for å få gjort mindre arbeid. Det vaks på og i 1939 stod ei smie ferdig inn i fjøra på Kleivakøyla.
Ingen smed kunne gjere han etter…
I 1942 hadde det vorte bygd ein liten såpeslipp på 20 meter ved M. Kleven Mek. Verkstad. Frå 1944 arbeidde Marius Kleven på heiltid i smia, og då var alt eldstesonen Arthur tilsett i smia året før. – Vi gjekk til Marius fordi vi visste at han var ein fyndel i så mangt. Det var ingen smed som kunne gjere han etter, fortalde Olav K. Remøy, fiskebåtreiar frå Remøya.
Tid for å gjenreise fiskeflåten
Rundt ti år etter hadde anlegget vorte ein skipsverkstad med fleire bygg og slippar. Etter krigen var det tid for å gjenreise fiskeflåten, og Marius Kleven og sønene fekk mange oppdrag både med reparasjon og forlenging. Smia og renna vart fort for lita, og ny smie på åtti kvadratmeter vart bygd i betong.
Det fyrste nybyggingsoppdraget
Sønene til Marius; Arthur, Magnar, John og Asbjørn kom med i arbeidet etter kvart som dei vaks til. I 1961 fekk M. Kleven Mek. Verkstad det fyrste nybyggingsoppdraget – tre karar frå Herøy ville bygge ny fiskebåt i stål, og Gollenes vart Bnr 1.
Store kontrakter utanfor landegrensene
På slutten av 60-tallet vart dei første store kontraktane med reiarar utanfor landets grenser skrivne, og i 1970 tok ein til på den til då største og dyraste utvidingsetappen bedrifta hadde hatt. For fyrste gong måtte ein låne pengar på verftet. Men då utbygginga var ferdig hadde ein skjere- og seksjonshall på om lag 2000 kvadratmeter, rør verkstad på 1000 kvadratmeter, kombinert maskinverkstad/rekvisita lager/ sanitær-/kantine-/lager- og administrasjonsbygg på 3500 kvadratmeter og møbel- og snikkarverkstad med riss- og mal-loft i tredje etasje.
Kleven Industri på Rovde
Trass den store utbygginga trengde Kleven framleis meir plass, og Kleven Industri på Rovde såg dagens lys i 1975. Der bygde ein seksjonshall, brennehall, djupvasskai og lekterfeste. Kleven Industri på Rovde gav arbeid til 25 personar den første tida.
Verftet i Leirvik kom til
I Leirvik i Sogn dreiv fire andre brør skipsverft, men då dei utvida verftet, fekk dei økonomiske vanskar, og gjekk konkurs. Kleven fekk tilbod om å kjøpe, og tok over verftet i 1980. Verftsgruppa var no meir fleksibel både når det gjaldt leveringstid og kva skipstypar ein kunne bygge.
Den største skipsbyggaren
I 1989 tok Klevenkonsernet eit nytt stort steg; i juni dette året tok Kleven Mek. Verkstad over dei to tidlegare Ankerløkkenanlegga i Florø og Førde. Kleven hadde ein ordrereserve på sytten skip verd 3 milliardar kroner, og var dermed den største skipsbyggingseininga i Noreg. Fleire ordrar kom til, og snart var Kleven det verftet i Europa som hadde den største ordrereserven.
Fusjon med Kværner
20. april 1990 stod fusjon mellom Kleven Mek. Verkstad og Kværner på sakslista til styremøtet i Kleven, og vedtaket vart gjort samrøystes. Kleven hadde samarbeidd godt med den norske industrigiganten tidlegare, og då Kværner mot slutten av 80-talet ville satse på skipsbygging som sitt viktigaste vekstområde, vart fusjon løysinga. Fem verftsanlegg og fulle ordrebøker var selt for 450 millionar kroner.
Fusjon mellom Myklebust og Kleven
Utover 90-talet vart det harde år for skipsindustrien, og Kværner signaliserte at dei ville gi seg med skipsbygging. Hareid Elektriske hadde fulgt Kleven som ein skugge i over tjue år. Hadde Kleven mykje å gjere, hadde Hareid Elektriske mykje å gjere. Det stod mykje på spel, og det var viktig at verftet ikkje vart lagt ned. Hareid Elektriske og dei andre Myklebusteigarane danna selskapet HaMy AS som saman med dei fire Kleven-brørne enda opp med å kjøpe tilbake Kleven-verftet i 1999 – og ein såg framveksten av det som enda med fusjon mellom Myklebust og Kleven. I 2001 vert Kleven Verft AS og Myklebust Mek. Verkstad AS innfusjonert i konsernet Kleven Maritime.
Den største ordren nokonsinne
I 2006 vart bedriftene i Sogn og Fjordane selde og det vidare fokuset var retta mot Kleven Verft og Myklebust Verft sin aktivitet innan offshore- og andre arbeidsbåtar. Verfta var sikra samordning gjennom identisk aksjonærrepresentasjon i styra i dei to selskapa. Denne hausten fekk dei også sin største ordre nokon sinne – seks pluss seks ankerhandteringsskip til Siem Offshore.
Storstilt familiedugnad
Kleven som for få år sidan nærast var utraderte hadde no vorte attraktive- svært attraktive. Tilbodet om å bli kjøpt ut kom som ei bombe påska i 2007. Per Sævik hadde snusa på Klevenverftet då Kværner selde, og var nok ein gong interessert. Hareid Elektriske eigde 51% av aksjane, og Bjørn Bjåstad & Co tenkte at sal kanskje ikkje var ein dum ide. Tredje generasjon Kleven-eigarar hadde vorte eldre og vaksnare enn då Kleven-brørne selde til Kværner, og dei reagerte raskt og flagga forkjøpsretten sin. Oppkjøpsforsøket utløyste ein storstilt familiedugnad i Klevenfamilien, og bankane strekte seg langt. Tungt opplånte gjekk eigarane inn i finanskrisa, og to år der det ikkje vart inngått ei einaste kontrakt.
Dokk gir nye moglegheiter
I 2011 losnar det skikkeleg, og seks nye kontraktar vart signerte. Året etter får også Myklebust si etterlengta dokk, og det opnar seg nye moglegheiter for mellom anna reparasjonsarbeid og ettermarknad.
Tek stålproduksjonen tilbake til Noreg
Etter at marknaden tok seg oppatt, vart det på nytt gjort omfattande investeringar også på Kleven Verft, både i produksjonshallar og på automatiserte produksjonsliner. Det gjorde ein for å ta delar av stålproduksjonen tilbake til Norge, og på den måten sikre kontroll og redusere risiko. Robotar til sveising vart tekne i bruk, og ein kunne bygge meir effektivt og større mengder stål sjølve.
100-åringen
I 1915 sette Oskar Myklebust opp verkstadbygg og smie ved osen i Myklebustelva, og som konsern vart dette markert med hundreårs-jubileum i 2015. To verft som målt i aktivitet er det største og nest største skipsverftet i Norge på dette tidspunktet hadde levert 93 båtar frå fusjonsåret 2001 til og med 2015. Verdiane av desse båtane er svimlande førti milliardar kroner. Myklebust Verft hadde på det meste over 1000 personar inne på verftet, medan Kleven Verft hadde over 1200 personar i arbeid på seinvinteren dette året.
Ikkje lenger familieeigd
Nedturen hadde eit par år tidlegare råka offshoremarknaden nok ein gong, og etter ei tid med omstilling etter sviktande marknad og økonomiske vanskar kom det Hurtigruten-eigde selskapet KVE Holding AS inn sommaren 2018 og tok over 100 prosent av aksjane i Kleven Verft AS, Kleven Maritime Contracting AS og Kleven Maritime Technology AS. Myklebust Verft vart skilt ut, og vart dermed ståande på eigne bein for fyrste gong på 17 år. Kleven Verft skal på nytt riggast for framtida.
Kjelde: Jubileumsboka “Bit for bit - båt for båt” av Torill Myren