Livsløpsverftet
Green Yard Kleven er det fyrste livsløpsverftet i Noreg, vi tilbyr vi alt frå nybygg til retrofit og til slutt resirkulering av skip.
Green Yard Kleven tek på seg ombyggingar og reparasjonar av alle typar fartøy, og byggjer også store, avanserte fartøy innan fleire segment . Verftet har stor kapasitet for stålproduksjon. Verftet satsar på å drive miljøvennleg resirkulering og modifisering av skip. Green Yard Kleven i Ulsteinvik er saman med søsterverftet Green Yard Feda på Angholmen ein del av Green Yard Group. Verftet er ISO-sertifisert innan miljø og kvalitet.
Kleven Verft vart ISO-sertifisert både innan miljø og kvalitet i april 2013, og vart med det det første norske skipsverftet som er miljøsertifisert.
Våre ressursar
Unik og spesialisert skipsbyggingskompetanse
Turn key-levering
Multidisiplin teknisk avdeling
Konseptutvikling i samarbeid med reiar
Dokking med nedsenkbar lekter ved behov
I kombinasjon med vår multidisiplin-bygging kan vi tilby alt frå små til store kompliserte ombyggingar og ettermontering
Stolte, erfarne skipsbyggarar med vilje til hardt arbeid og eit ønskje om stadig å forbetre metoder og resultat
Våre fasilitetar
Kai 1: 180 m lang, 5,5 m djup
Kai 2/3: 300 m lang, 8-10 m djup
Tungløft kraner: 2 x180 tonn, 1 x 85 tonn og 1 x 60 tonn
Mobilkran, gaffeltruckar og lift
Ca. 16.000 m2 produksjonsbygningar med stål-skjæremaskiner, produksjon av stålmodular, robotsveising, rør prefab, interiør og ei maskinavdeling for overhaling og installasjon av utstyr
Bedding for bygging av skip 150x32 meter
Resirkuleringsanlegg for skip
Godkjent ISPS-havn
Styret i GYK
Styrets leiar:
Hans Jørgen Fedog
Styremedlem:
Arne Marthinsen
John Willy Nilsen
Frank Hauge
Alf Johan Antonsen
Per februar 2022