Vi skal gjere godt arbeid og vere til å stole på

Det var langt å sykle heilt rundt vika og ut på Ulstein Mekaniske Verksted på arbeid kvar einaste dag, så Marius Kleven brukte som oftast båten. Først rodde han. Seinare fekk han seg ein motorbåt. Men den båten gjorde som han ville, om den gjekk eller ikkje. Og det var tidlege morgonar. For å kome fram i rett tid, måtte han starte heimanfrå i halv sju tida. Heime var kona Kornelia. Henne hadde han møtt då dei begge jobba i Hamnevesenet. Han som smed, ho som kokke. Dei gifta seg og fekk seks barn.

Krisene i verdsøkonomien på 20- og tidleg 30-tal var over. Optimismen gjaldt og kanskje var Marius lei av å krysse Lyngnesvika i all slags ver og vind? Han kjøpte seg utstyr til sveising og skjerebrenning og heldt på i naustet kveldane. Han var kjend som ein flink smed og folk begynte å kome til han for å få gjort mindre arbeid som å sko hjul eller kvesse ein bor. Det vaks på og i 1939 sto ei smie ferdig i fjøra inn på Kleivakøyla.

 Frå 1944 arbeidde Marius på heiltid i si eiga smie. Då var alt eldste sonen,Arthur, tilsett i smia og året før der igjen hadde det vorte bygt ein liten såpeslipp på tjue meter ved M. Kleven Mek. Verksted. Etter krigen var det tid for å gjenreise fiskeflåten og Marius Kleven og sønene fekk mange oppdrag både med reparasjon og forlenging.

Tekst: Torill Myren, frå boka 'Bit for bit - båt for båt' 2015.

 

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.