Gollenes var bygg nummer éin på Kleven Mek

I 1961 fekk M. Kleven Mek. Verksted det første nybyggingsoppdraget. Det var herøyværingane Konrad, Nikolai og Jon I. Kvalsvik som ville ha ny fiskebåt i stål. Marius og Konrad hadde kjent kvarandre i mange år, og Kleven-karane hadde fleire gongar reparert fiskebåtar for desse kvalsvikarane.

Jon I. Kvalsvik fortalde at mange rådde dei frå å bygge hos Kleven sidan det vart første bygget deira.

- Men vi kjende desse karane, og vi visste at dei aldri ville sleppe frå seg noko halvgjort. Dei var kjende for å setje si ære i at alt skulle gjerast skikkeleg.

 

Vi skal gjere godt arbeid og vere til å stole på

Det var langt å sykle heilt rundt vika og ut på Ulstein Mekaniske Verksted på arbeid kvar einaste dag, så Marius Kleven brukte som oftast båten. Først rodde han. Seinare fekk han seg ein motorbåt. Men den båten gjorde som han ville, om den gjekk eller ikkje. Og det var tidlege morgonar. For å kome fram i rett tid, måtte han starte heimanfrå i halv sju tida. Heime var kona Kornelia. Henne hadde han møtt då dei begge jobba i Hamnevesenet. Han som smed, ho som kokke. Dei gifta seg og fekk seks barn.

Krisene i verdsøkonomien på 20- og tidleg 30-tal var over. Optimismen gjaldt og kanskje var Marius lei av å krysse Lyngnesvika i all slags ver og vind? Han kjøpte seg utstyr til sveising og skjerebrenning og heldt på i naustet kveldane. Han var kjend som ein flink smed og folk begynte å kome til han for å få gjort mindre arbeid som å sko hjul eller kvesse ein bor. Det vaks på og i 1939 sto ei smie ferdig i fjøra inn på Kleivakøyla.

 Frå 1944 arbeidde Marius på heiltid i si eiga smie. Då var alt eldste sonen,Arthur, tilsett i smia og året før der igjen hadde det vorte bygt ein liten såpeslipp på tjue meter ved M. Kleven Mek. Verksted. Etter krigen var det tid for å gjenreise fiskeflåten og Marius Kleven og sønene fekk mange oppdrag både med reparasjon og forlenging.

Tekst: Torill Myren, frå boka 'Bit for bit - båt for båt' 2015.

 

Klevenbrørne

Dei fire brørne, f.v Asbjørn, John, Magnar og Arthur, starta på verkstaden etter kvart som dei vaks til og hadde ansvar for kvart sitt område av drifta. Skulegang var det ikkje snakk om. Magnar vart til og med teken ut av skulen eit år før han var ferdig. Asbjørn er fødd så seint at det då hadde kome framhaldsskule, så han gjekk åtte år på skule. Og så tok han sveisekurs då han var 15 år.

-Men eg hadde no gått ned på smia og prøvd, så eg hadde vore sveiseblind mange gongar før det, smiler han.

Og så humrar karane og seier at John var den med utdanning. Eit halvt år på handelsskule og tre veker på engelskkurs. Men som leiar følgde han godt med på kva som skjedde, og han var godt orientert gjennom dei mange styreverva han hadde.

Attpå breispektra praktisk erfaring tok brørne også kurs og henta lærdom på ymse vis. Etter som verkstaden vaks fekk dei fire brørne meir og meir ansvar for sine område. Dei hadde vakse opp med å bu på same rom. To og to hadde sove i same seng. No arbeidde brørne i same bedrift. Asbjørn på rør og maskin, Magnar med smedarbeid og hydraulikk, Arthur på innkjøp og John som leiar og på sal. Saman med far Marius brukte dei livet sitt på å bygge opp Kleven til å bli det det er i dag:

-Vi levde sjølve og heldt mange i arbeid. Det vart eit levebrød av det.

 

Tekst: Torill Myren, frå boka 'Bit for bit - båt for båt' 2015.

- Vi var innprenta arbeidsmoral og at også femminutta var viktige. Og far sa at der alltid var noko å gjere, og viss det no skulle skje at det ikkje var noko å gjere, så måtte vi ikkje stå med hendene i lommene. Det såg så likegyldig ut.