Kleven Verft tek på seg andre byggeprosjekt enn berre skip, og torsdag 7. mars 2019 sjøsette og overleverte vi ein stor stålkonstruksjon, nemleg ei undersjøisk forskalingskasse, som vi har bygd for Ulstein Entreprenør.
To slepebåtar henta forskalingskassa og frakta den til Ulstein Betongindustri i Haddal i Ulstein kommune. Forskalinga skal brukast under vatn som ei ytre forskaling til ei ny tørrdokk i betong, som Ulstein Entrepenør skal bygge. Indre mål er 17mx65m, høgda er 6,2m, og heile forskalinga veg omlag 170 tonn.
Kleven Verft takkar for eit kjekt oppdrag og eit godt samarbeid, og ynskjer Ulstein Entreprenør lykke til vidare med prosjektet sitt.
Foto: Hallgeir Lillebø / Kleven Verft