Kleven Verft AS har siste månadane gjort ei større ombygging av lekteren Boabarge 33. No er ombygginga ferdig, og lekteren er overlevert til Trondheimsfirmaet Boa Barges AS.
-Vi takkar Boa Barges AS for dette interessante oppdraget. Det har vore eit veldig godt og profesjonelt samarbeidet gjennom heile prosjektet, alle utfordringar har blitt løyst på ein utmerka måte. No ønsker vi Boa lykke til vidare med det spanande oppdraget i Afrika, seier administrerande direktør Kjetil Bollestad i Kleven Verft AS.
Ombygginga har gått ut på å auke breidda på lekteren frå 36 m til 60,4 meter. I tillegg har det blitt montert åtte nye oppdriftstårn, og to eksisterande dekkshus har blitt heva med omlag 12 meter. Det har også blitt montert eit sjøsettingsarrangement for betongelement på dekk.
Dykka seg til uoffisiell verdsrekord
Etter at Kleven Verft AS hadde overlevert lekteren til Boa Barges AS, var det klart for prøvedykk i Lyngnesvika rett utanfor verftet. Operasjonen vart gjort i regi av Boa. I følge Boa er Boabarges 33 verdas største delvis nedsenkbare lekter i sitt slag. Den blei senka på Lyngnesvika utanfor Kleven til heile 29,6 meter, slik at hovuddekket var heile 21 meter under sjøoverflata. Då stod berre to meter igjen av tårna over sjøoverflata.
-Dette trur vi er verdsrekord i kor djupt ein lekter har blitt senka ned i sjøen, fortel prosjektleiar i Boa Barges As, Jostein Innerdal.
Spesialbygd for nytt oppdrag
Lekteren har blitt enormt stor etter ombygginga. Dekket er om lag 5800 kvadratmeter og er spesialbygd for neste oppdrag. No når byggeprosjektet er gjennomført, skal lekteren på oppdrag utanfor kysten av Dakar i Vest-Afrika. Der skal Boabarge 33 (BB33) brukast til å plassere ut store betongelement, som skal danne ein bølgebrytar som er under oppføring.
-Med godt samarbeid og topp ekspertise hos begge partar har vi kome i mål etter tidsplanen, og er klare til å levere eit topp spesialprodukt til vår kunde i Dakar, Senegal, seier prosjektleiar Jostein Innerdal i Boa Barges AS.
Alle foto: Jostein Innerdal /Boa Barges AS