Skal bygge 100 m luksusskip

Kleven har inngått kontrakt om bygging av eit 100 meter langt explorer-fartøy. Kontrakten er inngått i samarbeid med tyske Lürssen, som er verdsleiande innan design og bygging av store yachtar, samt designselskapet Salt Ship Design. 

Fartøyet vil bli bygd, teknisk sluttført og delvis utrusta ved Kleven Verft i Ulsteinvik, medan sluttutrusting og innreiing vert gjort ved Lürssen sitt Blohm+Voss-anlegg i Hamburg.

- Vi er stolte over å kunne offentleggjere det første resultatet av samarbeidet mellom Kleven og Lürssen, seier Ståle Rasmussen, konsernsjef i Kleven.

- Med over 140 års historie i luksusyachtmarknaden, er Lürssen det desidert mest erfarne og kunnskapsrike selskapet i bransjen, og vi er stolte over at dei har valt Kleven som sin langsiktige partner for utvikling av framtidsretta, høgteknologiske fartøy. Dette første fartøyet skal blant anna ha ein stor og avansert batteripakke.

- Kombinasjonen av Lürssen sine verdsleiande design og Kleven sitt moderne og robotiserte produksjonsanlegg vil gje kundane eit kvalitetsprodukt utan like, og vi vonar dette vil bli eit fruktbart samarbeid for alle partar, seier Ståle Rasmussen.