Green Yard Kleven har starta eit samarbeid med det Monaco-baserte yachtmeklarfirmaet Yachting Partners International (YPI), og går med det aktivt inn i yachtmarknaden.
-Vi ser på bygging av store yachtar, sokalla superyachtar, som ein høgaktuell marknad for oss. Yachtmeklarane frå YPI er erfarne og har eit enormt nettverk i bransjen. Eit samarbeid med dei gjer at vi kan kome i kontakt med yachtbyggarar over heile verda på ein heilt annan måte enn om vi skulle gjort dette åleine, fortel Hans Jørgen Fedog, konsernsjef i Green Yard Group.
Kleven-navnet er kjent i bransjen som kvalitet
Det er yachtmeklarane Peter Thompson, Global Sales Partner for YPI, og hans kollega Russel Crump som skal jobbe målretta for å skaffe oppdrag til Green Yard Kleven. Nyleg tok dei turen frå Monaco til Ulsteinvik for å bli kjent med verftet og å starte samarbeidet med ambisjonar om å bygge superyachtar ved verftet.
- Det er med stor glede vi har reist til Green Yard Kleven for å komme skikkeleg i gang med vårt samarbeid. Min kollega Russell Crump har fulgt med på Kleven-verftet over fleire år – han har vore imponert over det han har sett. Kleven-navnet er kjent og respektert i Superyacht-verda for å ha bygd yachtane Andromeda i 2016 og Ulysses i 2018. Skipa viser heilt tydeleg at verftet har kompetanse i å bygge yachtar i størrelsen frå 80 meter og oppover, og Kleven-navnet betyr kvalitet, seier Peter Thompson.
Overbevist om at dette er riktig verft å bygge på
Det har vore ein lengre prosess i forkant av samarbeidsavtalen, og yachtmeklararne seier dei er ikkje i tvil om at alt ligger til rette for at det kan kome yachtbygging på Green Yard Kleven. I følge meklarane er det ettertrakta blant yachtbyggarane med høg kvalitet på skipa, samt verftskapasitet og leveringstid.
-Frå mi erfaring både med å kjøpe og selge yachter av denne størrelsesorden, er jeg heilt overbevist om at Green Yard Kleven er det riktige verftet å bygge på. Her det ingen tvil om at det er ypperste kvalitet på skipa som bli levert, og også evnen til å levere i tide og elles vere konkurransedyktig i dagens marked spelar ei viktig rolle. Porteføljen til verftet utanom yachtar er også stor og gir tillit hos potensielle kundar, seier Peter Thompson.
For Green Yard Kleven sin del kan dette samarbeidet bli viktig og veldig spanande i ein tøff marknad.
- Det er hyggeleg at yachtmeklarane er så postive til verftet, det er veldig gøy å høyre. Dei har lyst å få til noko i samarbeid med oss, og ilag kan vi få til noko stort saman, det er eg sikker på. Det blir hardt arbeid dette også, det er det ingen tvil om, men vi har tru på samarbeidet og det blir utruleg spanande å følgje vidare, seier Hans Jørgen Fedog.
Stor utvikling i yachtmarknaden
Peter Thompson frå YPI har solgt superyachter i nesten 20 år, og før det var han kaptein for nokre av dei største yachtane i verda. Han fortel at utviklinga er stor, og det er no mange som vil bygge yacht i verda, og at verfta i Nord-Europa er mest attraktive å bygge yachtar på for tida – og vil no sette Green Yard Kleven i søkelyset.
-Eg har sett markedet utvikle seg fra ein handfull entusiastiske multimillionærar som bygger, kjøper og driv superyachtar til no over 7800 superyachter i drift over heile verda, og for tida over 600 i bygging. Det er 152 yachtar over 80 meter i drift og ytterlegare 33 under bygging. I løpet av dei siste par åra har talet på yachtar over 80 meter i drift auka med 22%, og vi meiner det er heilt klart er ein god og aktuell marknad for bygging av større superyachtar spesielt. Green Yard Kleven har kapasitet til å starte opp med nybyggprosjekt umiddelbart, noko som også er ein stor fordel, seier Russel Crump og Peter Thompson.
Skal flagge Green Yard Kleven-navnet høgt i heile verda
Ein viktig del av samarbeidsavtalen er at YPI i tillegg til å vere meklarar, er at dei skal marknadsføre Green Yard Kleven stort internasjonalt.
- Vi vil sikre at Green Yard Kleven-navnet blir flagga høgt over heile verda og bli sett av alle kundar som vurderer å bygge yachtar i denne størrelsesordenen. Vårt Yacht Sales hovudkvarter er i Monaco, det globale episenteret for yachting. Medan kundane er frå alle verdshjørner er Monaco eit sentralt knutepunkt for både bruk av yachter og yachtindustrien, noko som gjer det til det ideelle utgangspunktet for enhver strategi for å markedsføre verft og design.
YPI skal markedsføre Green Yard Kleven som ei merkevare både direkte til kundar og gjennom eit stort nettverk av fagfolk over heile verda.
-Vi jobbar hardt heile tida med å få meir arbeid til verftet, og gjennom dette samarbeidet gjer vi eit grep for å kome vidare i ein tøff marknad. Parallelt arbeider vi som før inn mot andre nybyggings- og ombyggingsoppdrag i ulike marknader i tillegg til resirkuleringsverksemda ved verftet. Samarbeidet med YPI passar fint inn i vår strategi om å vere eit livslaupsverft, og no ser vi fram til å jobbe ilag med dei, seier Hans Jørgen Fedog.
-Yachting Partners går inn for at det skal bli bygd yacht ved Green Yard Kleven og for å utnytte den enorme ekspertisen her i Norge. Vi gler oss til å fylle kaiene med neste generasjon framtidsretta yachtar, avsluttar Peter Thompson og Russel Crump.
Bilde: Green Yard Kleven har inngått samarbeid med yachtmeklarfirmaet YPI. Frå venstre: Rune Gamlem, salssjef Green Yard Kleven, Peter Thompson og Russel Crump frå YPI og Hans Jørgen Fedog, konsernsjef i Green Yard Group. Foto: Green Yard Kleven