Hurtigruten sitt ekspedisjonsskip MS Fram skal skifte ut ei stor mengde vindu, og Green Yard Kleven har fått oppdraget. Skipet er venta til verftet i desember 2020.
-Vi er glade for at Hurtigruten har gitt oss dette oppdraget. Slike oppdrag er viktige for å halde aktivitet og kompetanse ved verftet i ei krevjande tid, seier Kjetil Bollestad, administrerande direktør ved Green Yard Kleven.
Fleire oppgraderingar
Hurtigruten har nytta koronapausen til vedlikehald og oppgradering av fleire skip.
-Dette blir det andre oppdraget for Hurtigruten i haust. Vi har gjort ei ombygging på MS Vesterålen, som går frå kai same dag som MS Fram kjem til verftet i Ulsteinvik. Vi takkar for tilliten og det fortsatt gode samarbeidet med Hurtigruten, seier Bollestad.
I tillegg har både MS Roald Amundsen og MS Fridtjof Nansen fått utført arbeid på Kleven i 2020.
Spesialbygd for ekspedisjonar
Ekspedisjonsskipet MS Fram er spesialbygd for ekspedisjonar både i polare og andre eksotiske strøk. Skipet blei bygd i 2007, og har plass til om lag 200 gjestar om bord. Oppgraderinga som skal skje ved Green Yard Kleven er siste del av oppgradering skipet har fått i 2020.
Oppdraget passar godt inn i Green Yard Kleven sin strategi om å tilby eit breitt spekter av tenester innan ombygging, reparasjon, nybygg og resirkulering av alle typer fartøy ved skipsverftet i Ulsteinvik.