Ny kontrakt for Kleven Verft

Nye Kleven Verft har inngått avtale med reiarlaget Boa Barges AS i Trondheim om ei større ombygging av ein eksisterande lekter.

-Vi er veldig takknemlege for tilliten Boa Barges AS viser med å plassere dette viktige oppdraget hos oss, seier salssjef Thore Veddegjerde frå Nye Kleven Verft. Kontrakten er vunne i sterk konkurranse med fleire europeiske verft.

-Etter ein totalvurdering av kvalitet, pris og gjennomføringsevne valte BOA å plassere oppdraget ved Nye Kleven Verft, seier Jostein Innerdal, prosjektleiar i Boa Barges.

Gjev arbeid til 100 arbeidarar
Lekteren «Boabarge 33» kjem til Kleven 31. oktober 2019, og arbeidet med ombygginga vil starte straks den er på plass. Oppdraget vil gje arbeid til om lag 100 arbeidarar på verftet frå november 2019 og fram til lekteren skal bli levert i februar 2020.

Frå 36 til 60 meter brei
Arbeidet vil omfatte ein auke av breidda av lekteren frå 36 m til 60 m. Det vil bli montert 8 nye oppdriftstårn, og to eksisterande dekkshus skal hevast med 10 meter. I tillegg skal det bli montert eit sjøsettingsarrangement for betongelement på dekk. Når ombygginga er gjennomført, skal lekteren på oppdrag utanfor kysten av Dakar i Vest-Afrika. Der skal «Boabarge 33» brukast til å plassere ut store betongelement, som skal danne ein bølgebrytar som er under oppføring.

Salssjef Thore Veddegjerde frå Kleven Verft AS og prosjektleiar Jostein Innerdal frå Boa Barges AS ser fram samarbeidet når «Boabarge 33» skal byggast om. Foto: Kleven Verft

Salssjef Thore Veddegjerde frå Kleven Verft AS og prosjektleiar Jostein Innerdal frå Boa Barges AS ser fram samarbeidet når «Boabarge 33» skal byggast om. Foto: Kleven Verft