Ny langsiktig løysing for Kleven

Verftsgruppa Kleven har blitt samde med Hurtigruten og involverte bankar om ei finansiell løysing som sikrar Kleven Verft AS tilfredstillande likviditet til langsiktig drift.

- Dette er ei særs god løysing som gir oss ro til å fokusere på å bygge nokon av verdas mest avanserte skip, og rigge Kleven for framtida. Dette sikrar også arbeidsplassane ved det som er ei hjørnesteinsbedrift i Ulsteinvik, og ein svært viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre, seier konsernsjef  Karsten Sævik i Kleven.

Løysinga inneber at det Hurtigruten-eigde selskapet KVE Holding AS tek over 100 prosent av aksjane i Kleven Verft AS, Kleven Maritime Contracting AS og Kleven Maritime Technology AS.

Dagens eigarar beheld resten av Kleven-selskapa, deriblant Myklebust Verft AS.

Restruktureringa får inga innvirking på andre skip som vert bygd på Kleven Verft eller Myklebust Verft AS.

Myklebust Verft AS vil i ei overgangsfase nytte seg av administrative tenester Kleven Verft AS historisk har utøvd for selskapet. Pågåande prosjekt ved Myklebust Verft vil også framleis ha tilgang til ressursar frå Kleven Maritime Contracting AS og Kleven Maritime Technology AS.

 

Foto: Berge Myrene