Vellykka verftsprøvetur for verdas fyrste hybriddrevne cruiseskip

Hurtigruten sitt fyrste ekspedisjonsskip, MS Roald Amundsen, har vore på sin fyrste verftsprøvetur. Med snødekte Sunnmørsalper som spektakulært bakteppe, blei den grøne teknologien på MS Roald Amundsen satt på prøve.

-Eg er svært fornøgd med resultatet av prøveturen. Alle tilsette her ved Kleven har saman med leverandørane våre gjort ein strålande jobb med å få skipet klart til prøveturen, seier Kleven-direktør Olav Nakken etter at skipet la til kai ved verftet, og legg til: - Det er veldig kjekt at vi no har kome opp på oppløpssida for levering av ekspedisjonsskipet til Hurtigruten, seier Nakken.

MS Roald Amundsen er spesialbygd for nokon av verdas mest krevjande farvatn, og blir bygd på Kleven verft i Ulsteinvik saman med søsterskipet MS Fridtjof Nansen.

Prosjektleiar hos Kleven, Asbjørn Vattøy, seier at ein verftsprøvetur er viktig for å fjerne teknisk usikkerheit.

- Med eit skip som er såpass teknisk komplisert, ikkje minst med fleire nyvinningar for å få eit miljøvennleg fotavtrykk, er det viktig for oss å verifisere at systema fungerer som planlagt, forklarar Vattøy, og legg til at verftet er inne i ei hektisk periode der interiøret om bord er i ferd med å kome på plass.

Foto: uavpic.com/ Tor Erik Kvalsvik