Green Yard Group overtek vidare drift ved Kleven Verft etter avtale med konkursboet og dei involverte bankane. Kjernekompetansen blir bevart og Green Yard Kleven vil også for framtida vere eit av Noregs mest anerkjente skipsverft.
Green Yard Group har planar for å vidareføre verftsverksemda, men samtidig utvide verksemda til nye forretningsområde som kan gi eit stabilt arbeidstilfang ved siden av skipsbygging og vedlikehald. Green Yard er Noregs leiande aktørar innan resirkulering av skip, men ønsker å halde fram med å bygge skip ved Kleven i tillegg til sine andre forretningsområder. Dette vil gjere Green Yard Group til ei av dei mest komplette verftsgrupperingane i Noreg.
Green Yard Kleven vil ha Kjetil Bollestad som administrerande direktør.
Bostyrar, Bjørn Åge Hamre, partner i Simonsen Vogt Wiig AS har leia forhandlingane saman med eit team frå Kleven og Simonsen Vogt Wiig. - Dette hadde vi ikkje fått til utan alle dei tilsette på Kleven, bankane, kreditorar, kontraktspartar og leverandørar som har vist tålmodigheit og gitt boet arbeidsro til å arbeide fram løysningar. Hamre er særleg imponert over dei tilsette som har stått på i ei krevjande tid med høg usikkerheit.
Det har også kome nye eigarar for dei to firmaene som var under Kleven Verft: Kleven Maritime Technology held fram eigd av eigne tilsette, og Kleven Maritime Contracting har blitt tatt over av Langset AS.