Nybygg på Kleven: Skal bygge ferdig ein PSV i samarbeid med Havyard

Kleven Verft skal utruste, teste og levere eit Havyard 833 WE plattform supplyskip (PSV) som ein underleverandør for Havyard sitt verft i Leirvik.

Avtalen er todelt, og den fyrste delen med planlegging og forprosjektet er i gang. Endeleg kontrakt for del to av avtalen vil bli avklart om nokre veker, når forprosjektet er ferdig.   

 - Dette er eit viktig oppdrag for oss. Det gjer at vi får utnytta kapasiteten ved verftet på ein god måte. PSV er eit produkt dei tilsette ved Kleven har høg kompetanse på, og vi ser fram til å jobbe med eit offshoreskip igjen. Prosessen saman med sentrale medarbeidarar i Havyard-systemet har vore gjennomgåande positiv og prega av gjensidig tillit. Vi ser fram til eit vidare godt samarbeid med Havyard, seier administrerande direktør Kjetil Bollestad i Kleven Verft.

Skipet som Kleven Verft skal utruste og bygge ferdig for Havyard, er ein energieffektiv PSV med stor lastekapasitet, 1000 kvadratmeter arbeidsdekk og innreiing for 54 personar. PSV’en vil mellom anna få isklasse ICE-1B for operasjon i kalde farvatn, og ein 650 kW batteripakke vil sørge for lavt dieselforbruk. PSV’en skal bli levert til den kanadiske reiaren Atlantic Towing.  

 Arbeidet ved Kleven Verft startar i februar, med overlevering til kunden i løpet av sommaren 2020. 

 Les meir her: https://www.havyard.com/news/

 På bildet: Atlantic Harrier, Havyard 833 WE. Foto: Havyard