Statsforvalteren i Møre og Romsdal har gitt Green Yard Kleven i Ulsteinvik tillatelse for resirkulering av skip.
-Dette er veldig gledeleg, og eit utruleg viktig strategisk gjennombrot at vi no kan kome i gang med resirkulering av skip, som var planen frå starten av, seier Hans Jørgen Fedog, styreleiar i Green Yard Kleven.
Med det nyaste tilskotet av forretningsområde, blir Green Yard Kleven det einaste verftet i Noreg som kan handtere heile livsløpet til skip. Frå nybygg, reparasjon, ombygging og til slutt resirkulering av skip.
Gir gode synergiar
For verftet si totale drift er det ein fordel å komme i gang med resirkulering. Det kan gje fleire gode synergiar, kanskje særleg når det kjem til ombyggingsprosjekt av fartøy.
-I slike prosjekt skal oftast delar av skip demonterast og bli til avfall, medan splitter nye seksjonar og delar skal byggast. No kan vi utføre heile operasjonen på verftet vårt på ein trygg og sikker måte både for miljøet, dei tilsette og kundane våre, seier Hans Jørgen Fedog.
Det vil også bli behov for nye underleverandørar og samarbeidspartnarar når resirkuleringa kjem i gang. I tillegg er verftet reint geografisk plassert i nærheita av mykje tonnasje som treng å bli resirkulert, noko som kan bidra til kort transport for kundar og enkel avlevering.
Må auke kompetansen
Våre tilsette vil få opplæring som er spissa mot resirkulering av skip, både gjennom kurs og gjennom samarbeid med søsterverftet Green Yard Feda, som driv med resirkulering av skip frå før.
-Vi har strenge miljøkrav å følge, og ønsker at arbeidet vårt skjer heilt etter regelverket. Derfor satsar vi på god opplæring av tilsette, fortel Hans Jørgen.
Anlegg på verftet
Verftet skal no byggast ut slik at det tilfredsstiller alle krav. I tillegg skal det bli ein mest mogeleg straumlinjeforma resirkuleringsprosess, som også skal ivareta sikkerheit og miljø. Det skal byggast ut dedikerte område til mellom anna sanering, lagring og klipping i tillegg til innkjøp av maskinpark. Dette er allereie nøye planlagt, og neste steg no er sjølve utbygginga og oppstart.
Meir stabil drift
Resirkulering av skip ved Green Yard Kleven kan utførast året rundt, og kan føregå parallelt med nybygg og ettermarknadsoppdrag. Tanken er at ein kan sette fleire folk til arbeid på resirkulering når det i periodar er mindre aktivitet på andre oppdrag. På denne måten håper ein å kunne oppnå ein mest mogeleg stabil arbeidssituasjon for dei tilsette.
-Vi håper vårt nye forretningsområde blir eit godt bidrag både til verftet og til den maritime klynga på Søre Sunnmøre, avsluttar Hans Jørgen.
Arkivfoto: Green Yard Kleven