Green Yard-konsernet har investert i 690V landstraumanlegg, og kan med dette gje eit meir berekraftig tilbod både for kundar, tilsette og miljøet.
-No kan skipa ligge til kai utsleppsfritt og dei tilsette slepp å jobbe i støy og varme motorrom, så dette er vi glade for å ha på plass, fortel Frank Hauge, leiande bedriftselektrikar hos Green Yard Kleven. Han har hatt ansvar for den praktiske jobben med å få landstraumen på plass. -Første skip ut til å nytte landstraum er Hurtigruteskipet MS Otto Sverdrup.
Landstraumanlegget er på 2MVA og er levert av Blueday Technology. Anlegget leverer både 50 og 60Hz på 400V, 440V, 480V, 660V og 690V, noko som er unikt for landstraumanlegg.
-Green Yard-konsernet har som mål å vere det grønaste alternativet i bransjen, og med denne investeringa etterlever vi vår målsetting ved våre verft. Løysinga med Blueday Technology vil vere med på å gi oss eit løft både ved Green Yard Kleven og Green Yard Feda, seier Hans Jørgen Fedog, konsernsjef i Green Yard Group.
Å få på plass landstraum inneberer at både skip og riggar som ligg til kai kan stenge ned motorar, noko som hindrar utslepp og støy.
- Våre nøkkelferdige løysingar for landstraumanlegg reduserer effektivt utsleppa og sikrar samtidig pålitelegheita og sikkerheita til kraftsystemet om bord. At Green Yard Group har valgt oss til å levere løysingar som bidrar til at verftet blir grønare og reduserer klimagassutsleppa, set vi veldig stor pris på, seier Hans Petter Heggebø, CEO i Blueday Technology.
Foto: Frank Hauge, leiande bedriftelektrikar for Green Yard Kleven, har vore ansvarleg for den praktiske jobben med å få på plass landstraumanlegget.