Byggnr. 394 er no levert frå Kleven Verft til det danske reiarlaget Gitte Henning AS. «Gitte Henning» er ein kombinert trålar/snurpar med RSW-tankar (Refrigerated Sea Water) for nedkjøling og lagring av fangsten, og er det største pelagiske fiskefartøyet i sitt slag. Fartøyet er også svært påkosta interiørmessig og held ein høg standard i forhold til kva ein ser elles i fiskeflåten.
Fartøyet er av typen SALT 0155, og er utvikla i nært samarbeid mellom reiar, designer Salt Ship Design AS og Kleven. «Gitte Henning» har ei lengde på heile 90,5 meter og ei breidde på 17,5 meter.
Vi ynskjer båt og mannskap hell og lukke!
Interiørfoto: Olav Thokle/Fotomaritim Dronefoto: UAVpic