Hurtigruten, som er verdas største ekspedisjonscruise-rederi, har skrive ei intensjonsavtale om å bygge det tredje hybriddrivne ekspedisjonscruiseskipet på rad ved Kleven Verft.
I ei pressemelding frå rederiet vert konsernsjef Daniel Skjeldam i Hurtigruten sitert:
- Vi er strålande nøgde med å kunne gå ut med planane om å bygge enda eit revolusjonerande hybriddrive ekspedisjonsskip. Dette grensesprengande skipet vil ta gjestane våre til nokre av dei mest spektakulære stadane på kloda – på ein meir berekraftig måte enn nokon gong tidlegare.
Skipet vil verte basert på dei to avanserte, nestegenerasjons ekspedisjonscruiseskipa som Hurtigruten har under bygging ved Kleven – spekka med grøn teknologi og avanserte løysingar.
Som MS Roald Amundsen og MS Fridtjof Nansen vil også det nye hybriddrivne ekspedisjonsskipet vere spesialbygd for nokre av verdas mest ekstreme område, med spesialdesigna og isforsterka skrog.
- Dette er dei grønaste og mest avanserte cruiseskipa verda nokon sinne har sett. Det er skip som flyttar grenser og som set ein ny standard for heile den globale cruiseindustrien, seier Skjeldam.
Skipet er planlagt med fleire nyvinningar, blant anna ny teknologi og betydeleg større batteripakkar for å gjere ekspedisjonsseglingane enda meir berekraftige.
Det nye hybridskipet skal etter planen leverast i løpet av andre kvartal 2021.
Hurtigruten og Kleven Verft jobbar vidare med detaljar og avklaringar i intensjonsavtalen. Desse avklaringane er forventa i løpet av første kvartal 2019.