Trålarane Cuxhaven og Berlin vart levert frå Myklebust Verft haust/vinter 2017, og vart døypt i Cuxhaven i midten av januar. Dei 80 meter lange fartøya er av Rolls-Royce design, og eigast og drivast drivast av DFFU - Deutsche Fischfang Union GmbH. DFFU er Tysklands eldste fiskeriselskap, og er heileigd av islandske Samherji.
Rapportane frå første runder med fiskeri er svært gode, og vi ønskjer reiarlag og fartøy hell og lukke!
Her kan du sjå frå når trålarane kom til kai for dåp: https://www.youtube.com/watch?v=DTOX0UxAlSw