Green Yard Kleven AS har inngått avtale med Boa Barges AS om oppgradering av Boabarges 33. Lekteren kom til Green Yard Kleven tysdag 13. oktober 2020.
- Denne lekteren vart ombygd og oppgradert ved verftet tidlegare i år, og vi hadde eit veldig godt samarbeid den gangen. Vi er derfor svært glade for at Boa Barges kjem tilbake til oss, seier Kjetil Bollestad, administrerande direktør i Green Yard Kleven.
Arbeidet med Boabarges 33 blir det fyrste ettemarknadsprosjektet etter at verftet vart kjøpt opp av Green Yard Group i juli i år. Oppdraget passar også godt inn i Green Yard Kleven sin strategi om å tilby eit breitt spekter av tenester innan ombygging, reparasjon, nybygg og resirkulering ved verftet i Ulsteinvik.
- Når det gjeld nysatsinga vår på resirkulering, er arbeidet med å planlegge for resirkulering av gammal tonnasje ved verftet i full gang, og vi vil starte opp så snart godkjenning frå norske miljømyndigheiter er på plass, fortel Bollestad.
Foto av Boabarge 33: Jostein Innerdal / Boa Barges AS